Skip to main content
© Circle. All rights reserved.
Powered by YOOtheme.

Måtte ta folk ta skoja

Du veit når ein måtte ta folk «ta skoja», så måtte ein også rekne med ein god del forferdelege lydar på øvingane. Men, vi var med å spelte på det som baud seg.

Det er vel helst overdrive å seie at Ole Teigene er mellom dei største musikantane i Musikklaget Melshorn, men nyttig har han vore i fleire periodar. Den kortvokste kroppen har bore både bass og dirigent-stokk i korpset, og 66-åringen kriblar nok litt enno etter ein plass på «laget».

Ole byrja i Melshorn i 30-åra - den gongen korpset øvde inne på Donna-buda. Han byrja med baryton, og hamna seinare på bassen. Så lenge han held seg i bygda var han aktiv i korpset - og han var aktiv i bryteklubb, mannskor, salongorkester «og så kvinnfolk då, veit du», som han seier det sjølv. Då korpset stod utan dirigent rett føre 17. mai 1947, var Ole «parat». Han var ein av dei musikantane som hadde tilegna seg litt meir musikkunnskap enn dei fleste andre, og fram til 1951 svinga han taktstokken med stø hand.

– Korleis var det å drive korps den tida?

– Å, det gjekk mest på hymner og tyske marsjar. Det var nokså begrensa repertoar vi måtte halde oss til, for det var så som så med speledugleiken til mange. Vi måtte sjølve stå for all opplæring, og det tok tid, og det let ofte fælt. Du veit når ein måtte ta folk «ta skoja», så måtte ein også rekne med ein god del forferdelege lydar på øvingane. Men, vi var med å spelte på det som baud seg. Og eg kan vel også seie det at vi stod på høgde med mange andre korps, om vi ikkje samanliknar med dei bygdene som alltid har hatt gode korps. «Melshorn» er i fylgje lovene partipolitisk nøytralen, men vi har ikkje vore for store til å spele l . mai. Ein periode ville ikkje folk syne farge, stod bak gar­dinene for å sjå når vi spelte i demonstrasjonstoga. Sjølv har eg vore høgremann all mi tid, men det var naturleg for oss å spele 1. mai når vi vart spurde om det.

– Kva har korpstida hatt d seie for deg, personleg?

– Det har vore ei veldig rik tid, men også ei slitsam tid. Mange harde bolkar, og mykje morosamt. Det har vore fleire båredalar for «Melshorn», særleg når rekrutteringa svikta. Eg trur dirigentane har svært mykje å seie for å gjere det interessant for musikantane.

Ei lita samanlikning: Eg er idrettsinteressert, men eg tykkjer han har minst mykje av sitt sunne miljø i motsetnad til korpsa som framleis er ein viktig miljøskapande faktor. Bygda må vere klar over kva «goder» dei har i «Melshorn», vi må sjå opp til dei som steller med det, og fram for alt støtte korpset medan vi har det, seier Ole Teigene.