Gråsure 17. mai'ar
Ein gråsur 17. mai-morgon 3–4 år etter krigen var «MELSHORN» på vei framgjennom Risebygda for å kvikke opp innbyggarane på Nevstad og Rise med litt lurlåt før frukosten. Vi hadde stabla oss opp i lastebilen hans Giske med høge karmar og benkar langs sidene, og i midtgangen stod vår trufaste faneberar og heldt vimpelen vår på ei stong. Ein plass hang nokre telefontrådar nokså lavt over veien, dei huka tak under vimpelen og rykte stonga ut av hendene på faneberaren som vart ståande att med tome hender og stire til himmels. Det uttrykket han hadde i ansiktet då er det ingen somhar klart å beskrive endå. Vi stoppa og fekk med oss vimpelen vidare til fremste Rise, der Sverre Rise kom ut og ynskte oss til lukke med dagen og takka oss for musikken.

Dei første åra hadde «MELSHORN» fleire turar til Fosnavåg for å spele på 1. mai-feiringa der. Ein liten skyssbåt frakta oss frå Ulsteinvik til Eggesbønes, og derfrå marsjerte vi til Fosnavåg. Ein gong vi kom dit heldt dei på med vei-arbeid, og vi måtte gå over stokk og stein og mellom anna under ein steinbukk som stod midt i leia. Det gjekk bra for dei fleste, men Petter Pettersen var nesten to meter høg og basen over skuldrane hans raga heat til vers, så han huka seg fast i kroken under steinbukken og måtte rygge og bøye seg for å koma forbi. Petter sjøl lo seg mest forderva etterpå. Det som vi gutfantane hugsar best av desse turane til Fosnavåg var den trakteringa som vi fekk etter at vi hadde spelt i demonstrasjonstog gjenom bygda. Då fekk vi kaffi, brus og wienerbrød på ungdomshuset, og aldri har vi vel før eller seinare ete så mykje «vinabrød» og mandelbrød som den gongen. På festen etterpå prøvde vi då å spele både Internasjonalen og andre 1. mai-låtar med «følelse» - som takk for trakteringa.
Det var ikkje lett å koma seg til og frå den gongen, det fekk vi føle, vi to klarinettistane som måtte reise ut til skreddar Bjørndal i Ulsteinvik for å få litt opplæring. Der gjekk buss berre to gonger for dag, og vi gjekk på skule og kunne ikkje gå «uti Vik» og vase heile dagen, og ingen av oss hadde sykkel. Men «Melshorn» hadde ein gamal velgjerar på Ytre som heitte Severin Pettersen, og han ville låne oss ein sykkel, men den var gamal og skrøpeleg og måtte brukast forsiktig av berre ein i gongen, og som dei snille gutane vi var så lovde vi det. Den første sykla eit stykke framover, sette frå seg sykkelen og gjekk vidare. Den andre tok så sykkelen og sykla eit stykke framom den første, sette fyå seg sykkelen og gjekk vidare. Slik dreiv vi på både ut og heimatt, og hadde ikkje noko vondt av det.
Då var det mykje verre å stå attmed skreddarbordet og prøve å få skikkeleg lyd i dei gamle lurane våre, medan sydamene krøkte seg saman over symaskinene og ville stryke med av lått. Derfor vart det heller ikkje mange slike turar vi tok før vi gjekk over til «sjølvstudium» bak hesjane eller på låven. Der kunne vi låte som det passa - utan at nokon lo åt oss.
Kåre Holstad


