Skip to main content
© Circle. All rights reserved.
Powered by YOOtheme.

Etterkrigstida

Men om ikkje det musikalske nivå kom over middels så var iallefall innsatsviljen stor, og korps­et var alltid eit populært innslag ved 1. og 17. mai-feiringane.

«Melshorn» låg nede i 2-3 år under krigen, som så mange andre lag. I september 1944 vart laget starta oppatt med 15 medlemer. Desse var med på den nye starten: Mag­nulf Bigset - Arnljot Gjerde - Olav Solheim - Ole Teigene - Ola Almestad - Odd Grimstad - Alv Grim­stad - Svein Grimstad - Tolleif Mork - Rolf Grim­stad - Kåre Holstad - og dirigenten Johs. Teigene.

I november same hausten var musikkløytnant Thorbjørnsen her og heldt instruksjonskurs med korpset i to veker, med konsert som avslutning. Den same Thorbjørnsen var her også vinteren 1946 med eit liknande kurs. Han var ein drivande in­struktør, og vi hadde mykje nytte av desse kursa. Elles er det vel to namn som bør nemnast av dei aktive. To mann som øvde meir og nådde lenger i spele-teknikk enn oss andre, og det var Olav Sol­heim og Bjarne Grimstad. Dei var sjølvskrivne so­lokonrettistar i kvar sine perioder, og dei gjorde det mogleg for korpset å opptre med ganske krevande solo nummer. Med sin iver og sitt føredøme fekk dei også oss andre til å yte vårt beste, i tillegg til at dei var gode læremeistrar for dei nye som stendig kom til. Det var eit stort tap for laget då Olav kom vekk i Vest-isen vinteren -52, og det var det også då Bjarne reiste frå bygda nokre år seinare.

Det har elles vore som ein gjennomgangs-melodi i «Melshorn» dette at folk har slutta i korpset og reist frå bygda før vi fekk skikkeleg nytte av dei. Ved kvar einaste sesong-start var det ein eller fleire av våre unge lovande spelarar som reiste ut, til skule­gang eller arbeid, og nye talent måtte finnast og læ­rast opp på nytt. Den gongen var det lite eller ingen musikkopplæring i skulen, og før vi fekk skulekorpsa med deira aspirantopplæring måtte alt takast frå grunnen av. Derfor kunne det nok vere så ymse med opplæringa av dei nye i korpset. Arbeidet var gratis, og det var oftast dei same som måtte ta seg av det - år etter år.

17mai 1946MELSHORN PÅ MUSIKKSTEMNE I FOSNAVÅG 1947: Stadig like tynn besetning, men her er vi iallfall på stemne med særnummer og med ny dirigent-Ole Teigene. Elles frå venstre: Olav Solheim, kornett - K. Olav Brekke, kornett - Svein Dimmestøl, kornett - Kåre Holstad, klarinett­ - Johan Mork, alt - Rolf Moldenes, klarinett - Ola Hareide, alt - Bjarne Mork, bass -Johan Måseide, tenor - Svein Grimstad, tenor - Olav Dyphavn, baryton - Karsten Grimstad, tromme - Sverre Grimstad, basun - Mannen med stortromma bak Olav Dyphavn kan vera Oddmar Sæverud.

Men om ikkje det musikalske nivå kom over middels så var iallefall innsatsviljen stor, og korps­et var alltid eit populært innslag ved 1. og 17. mai-feiringane. Det var ikkje mykje att av lippene vare om kvelden 17. mai etter at vi hadde spelt morgon­runden og i barnetoget og borgartog her i bygda, og dertil i tog både i Brandal og Hjørungavåg, - og kanskje på ein fest om kvelden også. Som oftast fekk vi litt betaling for innsatsen, men det hende også at vi måtte nøye oss med lovnad om if å av eit muleg overskot etter neste års 17. mai-fei­ring.

Etter at skulekorpsa kom igang vart det lettare for «Melshorn» å koma igjennom 17. mai-spelinga på ein rimeleg måte. Vi slapp å slite oss ut for at alle deler av kommunen skulle få så mykje som mogleg av den hornmusikken som dei gjerne ville ha på denne dagen. «Melshorn» var også med på mange musikk­stemne - med eller utan særnummer - men dessverre kunne det gå fleire år utan at vi såg oss istand til å delta på noko stemne. Korpset spelte elles i toget på to songarstemne her i bygda, og i 1963 stod vi føre tilskipinga av ein­dags musikkstemne her.