Skip to main content
© Circle. All rights reserved.
Powered by YOOtheme.

Mykje styggelæte første tida

Det var som rimeleg kan vere mykje stygglæte den første tida. Og munnpartia såg nokså fæle ut et­ter hard konfrontasjon med hardt metall. Petter Pettersen greidde aldri å halde munnstykket midt i munnen.

Eit lite minne om korleis ein kan bli hornmusikk-interessert: Ein sundag ettermiddag, kom Frelses­armeen gåande frametter vegen. Ved Gamleheimen stogga dei, og spela nokre nr. Vi i grannelaget stor­ma til og skulle høyre på denne gromheita, som såvisst ikkje var kvardagskost i dei dagar. Ein av dei som vart grepen av opplevinga, var han Odmar. Han vart sidan ein meister i å imitere hornmusikk. Han fekk til lyd mellom lippene som det skulle yore ein retteleg trompet.

Denne opplevinga ved gamleheimen låg og ulma i meg i mange år, til den slo ut i full loge når eg høyr­de at det var skipa hornmusikkkorps i bygda. Eg møte opp så snart eg fekk greie på øvingstid- og stad, som då i første tida var på garnloftet på «Don­nabuda». Første kvelden eg møtte opp, kunne eg ikkje få instrument. Eg hadde eit stort munnsår etter ein noko hard kollisjon med ei klæsnor. Olaf Melde trudde det var ei «styggheit», som kanskje var smitt­samt. Neste øvingskveld var såret grodd, og eg vart godteken. Ein stor «kveil» med horn var ledig - F­ess-helikon, og eg gjekk igang med å lære og øve. Starten var bra. Alt same kvelden spela eg bas-stemma på «Kongssongen», og dirigenten tykte eg var bra lettnem. Eg vart altså med frå starten, og til eg for frå bygda og vart borte i tre år.

Dei eg hugsar som var med i den første tida, var (med alt mogleg forbehold): Ingvard Bjåstad, Johs. Teigene (ess-kornett), Peter Pettersen, Magnulf Bigset, Olav Solheim (b-kornett), Alfred Brandal (basun), Olav Dybhavn, Ole Teigene, Martin Hov­den (tenor-baryton), Alv Grimstad (ess-bass), Alf O. Grimstad og Oddmar Halvorsen (Sæverud) (trommer). Såvidt eg hugsar, så var Olav Dybhavn formann den første tida. Olav Velde, ein trønder som vart gift til Ulstein var dirigent. Han gjorde ein imponerande innsats for å få det i sving. Han sykla heilt frå Ulstein til øvingane. Då han slutta var det ymse leiarar: Olav Dybhavn, Olav Solheim, Johs. Teigene og Ole Tei­gene. Men i den tida var eg langt vekk, så eg fekk ik­kje fylgje så godt med. Eg hadde inntrykk av det eg las i Vikebladet, at det gjekk så opp og ned.

Øvingsstad var som sagt på «Donnabuda» den første tida. Seinare var det i Trudvangkjellaren. Og det var stor entusiasme den første tida. Til 17. mai 1934 kunne vi spele både «Conseritmarsh», «Norske gutter», «Mit sang undt klang», og sjølvsagt «Ja, vi elsker», og «Gud signe Noregs land». Og modet og viljen vaks etterkvart, så vi spela noko meir seriøse stykke.

Som ved dei fleste organisasjonar, så var økono­mien eit vanskeleg problem. Til kjøp av instrument fekk dei eit lån i Hareid Sparebank, der Hans Dyb­havn, Olav Halvorsen (Sæverud) og S. Pettersen kausjonerte. Om desse laut punge ut, veit eg ikkje. Så vart det prøvd med «tiggarlister». Men der fanst ikkje pengar mellom folk, endå ein kan seie at velvil­jen for tiltaket var stor. Så vart det skipa til konsertar og festar. Men med ein halvfull sal, og 50 øre i inngongspengar, så muna ikkje dette heller stort. Men vi fekk no behalde in­strumenta, kor det kunne no ha seg, så drifta heldt no fram. Turnlaget og «Melshorn» var ilag om ein tur til Fosnavågen. Summaren 1934 deltok korpset på musikkstemne på Vatne. Eg var då på Island, og fekk såleis ikkje vere med, og til hausten same året reiste eg som nemnt vekk.

Når eg tenkjer attende på denne tida, så er det med stor glede. Så ulike vi var, så «bles» vi saman til ein god kameratflokk, som ville gjere det beste utav det. Olaf Velde var ei eldsjel når det gjaldt musikk. Til sine tider kunne han nok vere litt urealistisk når det gjaldt økonomi. Som t.d. då han bestilte obo og fagott til korpset, avdi han hadde «vyer» om å få til eit «elitekorps». Slike instrument trengst det mest livslang spesialopplæring til å bruke. «Melshorn» var best tent med å halde seg «på det jevne». Så des­se instrumenta vart etter ei tid returnerte. Når eg etter tre år i utlægd kom heim att, så var eg med nokre små bolkar av og til. Siste «rafset» var i slutten av krigen då vi skulle trene oss opp for å spe­le inn freden. Men eg vart ikkje med på å helse fre­den med musikk. Leie ting som ikkje høyrer heime i eit jubileumsskrift gjorde at det vart slutt for godt.

AlvGrimstad b500SMÅ MINNEGLIMT

Vi var som nemnt på tur til Fosnavågen med tur­narane. Under turnoppvisninga der skulle Olav Hareide gjere eit flott «nordmannssprang» i turnringa­ne. Farta vart vel stor, så han heldt på å gå utgjen­nom eit glasfag. Det var som rimeleg kan vere mykje stygglæte den første tida. Og munnpartia såg nokså fæle ut et­ter hard konfrontasjon med hardt metall. Petter Pettersen greidde aldri å halde munnstykket midt i munnen. Og når han skulle ta dei høgaste tonane så sprakk han i lått. Ingvard Bjåstad var suveren på ess-kornett. Olav Halvorsen synte ei særs stor interesse for korpset. Var han så visst heime, så møtte han på alle øvingar og tilstellingar. Som gamal «tambur» i Ungdomsmusikken, så var han til god hjelp i opplæringa her. Og han steppa gjerne inn og slå småtromma når det trengdest.

Ja, dette var nokre små glimt, slik som eg tykkjer eg hugsar.

Med helsing
Alv Grimstad