Skip to main content
© Circle. All rights reserved.
Powered by YOOtheme.

Slik starta det – i 1933

Dei første øvingane vart haldne på loftet i Don­na-buda, men ikkje lenge etter vart dei flytte til kjel­laren på «Trudvang», der korpset heldt til i fleire år før det flytte til kjellaren på Holstad skule.

Melshorn-logo_tekstDet var ein trønder - Olaf Welde - som gjorde opptaket til å få starta eit hornmusikk-lag på Ha­reid. Han kom hit til bygda først i tretti-åra, og ar­beidde ei tid som trappe-snikkar på ein trevarefa­brikk her. Saman med nokre andre musikk-interes­serte ungdomar starta han hausten 1933 eit korps som fekk namnet «Melshorn», oppkalla etter fjellet vårt med same namn.

Welde var gamal hornblåsar og kunne instruere på alle typer horn, frå kornett til tuba, og han la ned eit stort arbeid i laget dei første åra, også etter at han flytte til Ulstein. Ofte sykla han då dei 30 km til og frå øvingane - i all slags ver - for å instruere og diri­gere korpset.

Instrumenta vart innkjøpte brukte frå William Farre A/S i Oslo - på avbetaling - 40 kr. pr. mnd. i avdrag. Berre messing-instrument frå starten av, og ingen av dei hadde koffert eller trekk. Ein halvår seinare kom tre klarinettar - 1 Ess og 2 B - som heller ikkje hadde etui. Vi frakta dei med oss innpakka i ei ga­mal avis eller ein papirpose. Det var ingen her som kunne gi opplæring på desse, så klarinettistane gjekk første tida til Hjørungavåg og fekk opplæring med ein Ødegård som arbeidde på verkstaden der den tida. Etter at han reiste deri­frå måtte dei fare til Ulsteinvik for å få lære meir med gamle skreddar Bjørnerem, men det vart ikkje mange turane, før dei måtte ta seg fram på eiga hand og prøve å spele ilag med dei andre.

Notelære vart det lite av, det vart mest til å ta seg inn i det og lære etterkvart som du spelte, og det seier seg sjøl at det vart mykje famling og feil første tida. Der var sikkert mykje rart både å sjå og høyre den første gongen vi var ute og spelte i tog - 17de mai 1934. Det er vel i grunnen godt at det ikkje finst noko opptak frå den tida. Det vart også kjøpt inn ein obo og ein fagott, men desse var både tunge og vanskelege å spele på, så in­gen ville ta det på seg, og dei vart derfor selde igjen straks etter.

Melshorn-logoTre namn bør nemnast frå denne første tida - utanom dei aktive - og det er kjøpmann Hans Dyb­havn, maskinist Olaf Sæverud og inspektør Sevrin Pettersen. Dei var alle svært interesserte i at korpset skulle kome i gang, og ytte gjerne hjelp i den vanske­lege tida etter starten.

Alt i desember -33 har korpset hatt ei tilstelling. I kassaboka er der for 9/12 oppført inntekt på fest kr. 72,61. Midt i februar har korpset hatt fest igjen, denne gongen på bedehuset, og her vart inntekta kr. 100,78 på billettsalg og kr. 24,30 på loddsalg. I mars -34 var tida alt inne for å reise på turné, og valget av reisemål fall då på Herøy, med fest på Moltu den 4. Billettsalg kr 36,60. Helga etter gjekk turen til Fosnavåg, der billettsalget kom opp i kr. 102,-. Her har det også vore med passasjerar på turen, noko som ga ei inntekt på kr. 35,-. I april same året hadde korpset tre oppdrag, ved tilstellingar for Redningsforeninga, for Turnlaget og ved ein demonstrasjon, og inntekta var kr. 15,-for kvar gong. Den 6. mai vart det skipa til fest igjen, og her vart inntekta kr. 110,64.

Dette viser ein ganske stor aktivitet alt første halvåret. Frå starten av er der oppført nokre penge­gåver, frå kr. 1,- til kr. 200,-, og desse skulle då - sa­man med inntekta av tilstellingane - dekke utgiftene til notar og anna utstyr, og til avdrag på instrumen­ta. Noko lån er ikkje nemnd før i februar -35, då det vart oppteke eit lån på kr. 500,- i Hareid Sparebank. Korpset har nok ikkje makta å betale noko meir enn rentene her, for dette lånet vart innfridd 10/11 -42 av dei fem kausjonistane Olav Dybhavn, Olav Halvorsen, Hans Dybhavn, Petter Pettersen og Johs. Teigene - som gåve til «Melshorn».

Dei første øvingane vart haldne på loftet i Don­na-buda, men ikkje lenge etter vart dei flytte til kjel­laren på «Trudvang», der korpset heldt til i fleire år før det flytte til kjellaren på Holstad skule. Her vart det også halde til i fleire år, truleg til først i 40-åra då korpset vart nedlagt ei tid på grunn av krigen.

I desse åra låg besetninga på 14-15 stk. Det var stadig for lite pengar og dermed også instrument, og mange av spelarane reiste på skule eller på sjøen før dei kom skikkeleg i gang, sume var også med bolkevis i fleire år mellom kvar gong dei var på sjøen. Derfor vart korpset for det meste ståande på «første stadium», både med besetning og med det musikal­ske framover i trettiåra.